Prev Page Next Page

Ice Music Festival

Den unike vinterfestivalen Ice Music Festival på Geilo fyller ti år, og feirar med ekstra festivaldag, verdskjente artistar og tingingsverk. Festivalen går av stabelen 5. – 8. februar.

Ice Music festival lover fire dagar med magisk ismusikk. På programmet står mellom anna besøk av den særs anerkjente artisten Mamadou Diabete frå Burkina Faso, som skal spele på isballofon, og framføring av tingingsverket Smeltevatn, der jazz møter elektronika og folkemusikk. Nett som instrumenta det speles på, er arenaene for musikk, skulpturar, dans og utstillingar bygd av snø og is henta frå nærområdet.

Det blir eit unikt plateslepp under tiårsjubileet til Ice Music Festival, der Terje Isungset gjev ut albumet Meditations. Korleis høyrest hundre år gamal is frå Sydpolens senter eigentleg ut?  Er klangen annleis enn fem hundre år gamal is frå Spitsbergen? Kan ein fornemme tonane frå ein sju hundre år gamal bre i dei italienske Alpane? Is frå alle verdas hjørner er g-nøkkelen på Isungset si nyaste plate, som utforskar dei kalde tonane i kretsløp, klima og menneske i rørt og urørt natur.

Mer informasjon om festivalen og plateslippet finner du her.